© Juice Crew

Juice Crew SE MEG

SE MEG er ei danseframsyning som set fokus på vår daglege bruk av sosiale medie og korleis det har påvirka oss djupare enn vi trur. Telefonen har blitt ein reiskap som er meir enn å berre ta imot samtalar, men også ein måte for oss å kjenne at vi held kontakt med omverda.

I sosiale medie konstruerer vi eit menneske som det ikkje er mogleg å leve opp til i det verkelege liv. Vi gjer det for å få andre til å like oss betre, mens det ofte fører til at vi likar oss sjølv mindre.

SE MEG handlar om å gje slepp på fasaden og å vise kven vi er utan filter, «likes» og redigering.

Medvirkende:
Raid Al-Idani, Koreograf, Danser
Daniel Fagerlid Andreasson, Koreograf, Danser
Steffen Fagerlid Andreasson, Koreograf, Danser
Moh Dasoki, Koreograf, Danser
Frank Johnsen, Koreograf, Danser
Rakiss Khati, Koreograf, Danser


Vis tidligere forestillinger